top of page

Siste nyhende

18 november opnar søknadsportalen igjen for søknader inntil kr 30 000

ree

Frivillig arbeid for barn og unge er ein viktig ressurs i samfunnet vårt, og i Kvinnherad har dette fått eit ekstra løft takka vere støtte frå SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad. Frivillige gjer ein uvurderleg innsats, anten det er som trenar i idrettslag, leiar for fritidsaktivitetar eller som støttespelar for born og unge som treng eit trygt og godt fellesskap. Dei bidreg til å skapa trygge og inkluderande arenaer der alle kan delta, læra og utvikla seg


Når SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad går inn og støttar desse frivillige tiltaka med gåver, blir det mogleg å realisera prosjekt og aktivitetar. Dette kan til dømes vere utstyr til idrettslag, midlar til nye instrument eller støtte til kulturarrangement som gir born og unge høve til å oppleva noko utanom kvardagen. Stiftinga si støtte bidreg til å skapa meir liv og glede i lokalmiljøet, noko som gir positive ringverknader for både barn og ungdom, og alle andre som lever og bur i nærmiljøet


Denne kombinasjonen av frivillig innsats og økonomisk støtte er eit strålande døme på korleis samarbeid mellom organisasjonar og Stiftinga kan føra til varige og positive endringar i samfunnet. Det byggjer fellesskap, skapar meistringskjensle for unge, og gjer Kvinnherad til ein endå betra stad å vekse opp.


ree

Kvar og eit prosjekt er viktig for eit levande lokalsamfunn.

Vi er glade for å kunne fortelja at stiftinga 17. september delte ut 10 gåver på til saman

kr 247 500. Vi vurderte 22 søknader, med ein samla søknadssum på kr 533 843.


Haustens hovudtildeling av gåver har søknadsfrist 1. oktober. Har de eit prosjekt for organisasjonen dykkar som står framfor dykk, er tida inne for å starte søknadsprosessen.

Skriv ein søknad, legg ved alle naudsynte opplysningar vi ber om.

Om de treng hjelp eller har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med oss.


Dei som fekk gåver i denne runden er:


ree

Kanskje det er din organisasjon som får æra av å vera gjest i Festsalen i november? Søknadsportalen er open, og alle i stiftinga er klare for haustens mest spennande periode. Blir det gode søknader på nye, engasjerande prosjekt? Treffer dei stiftinga sine berekraftsmål? No er det berre å setja i gang – kanskje nettopp ditt prosjekt vert det neste store! https://www.kvinnheradstiftinga.no/soknadsskjema Er det spørsmål må du ikkje nøla med å ta kontakt. Vi er her for å hjelpa deg! All kontaktinfo ligg her: https://www.kvinnheradstiftinga.no/kontakt


ree

ree

ree

Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / bente@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40 / 924 44 714

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789

bottom of page