top of page

Siste nyhende


ree

I Matre finn me Torill Lyngnes. Ho er fastmøtande varamedlem i styret i Sparebank 1-stiftinga. Eit verv ho har hatt sidan i fjor haust. Torill har si fartstid frå bensinstasjonen og nærbutikken i Matre.


– Eg har alltid engasjert meg i frivillig arbeid. I starten handla det mykje om barnehage og skule. Seinare har eg stort sett vore aktiv i idretts- og bygdalag. Det er viktig å engasjera seg i lag og organisasjonar, enten bygda er liten eller stor. Ho opplever at det lokale engasjementet er både sosialt og kjekt.

Torill meiner det er viktig at alle frivillige lag og organisasjonar, små og store, skjønar at dei kan søkje midlar i Sparebank 1-stiftinga. Stiftinga er for heile Kvinnherad. Her får dei høve til å utvikle seg og gjennomføre alle typar spennande prosjekt.

Arbeidet i stiftinga har så langt også vore særs givande.


– Det var stort å bli spurt om å få vere aktivt med i styret, etter å ha vore varamedlem ei tid. For kommunen vår er det fantastisk å ha ei stifting med slike økonomiske musklar. Sjølv tykkjer eg det er ekstra kjekt å lese alle søknadane som kjem til oss, og på den måten få innsyn i det enorme mangfaldet som det frivillige arbeidet representerer, seier Torill Lyngnes.


ree

Alle styremedlemmene i Sparebank 1-stiftinga er på sett og vis fødselshjelparar. Der dei med stiftinga sine pengar bidreg til å få realisert store og små prosjekt. Hildegunn Eiane Aarthun er også jordmor i sitt daglege virke.


– Tidlegare arbeidde eg med fødslar, på ulike sjukehus her vest. No er eg i kommunen, og då handlar det om å følgje opp gravide og par som skal bli foreldre. Eg er heldig som har ein slik meiningsfull jobb, smiler 50-åringen.


– Eg tenkjer at Sparebank 1-stiftinga har ein heilt unik posisjon i kommunen vår, når det kjem til å stimulere til frivillig arbeid. Noko som er med på å gje barn, eldre og unge eit betre liv. Det er viktig at dei store klubbane får støtte til sine prosjekt, men eg er også svært glad for at gåveutdelingane sikrar og styrkjer mangfaldet, seier ei som er mor til tre tenåringsgutar. Som alle har vore innom fotballgruppa i Trio.


Sjølv brukar Hildegunn litt av fritida si på barne- og ungdomsarbeid i kyrkja på Valen. Til liks med mange andre i kommunen, er også ho glad i den kvinnherske naturen.

«Eg er medlem i Kvinnherad Turlag og set stor pris på arbeidet Turistforeninga og Interesselaget Vardhaugselet gjer i kommunen vår. Tur og friluftsliv gir god folkehelse i alle aldersgrupper. No håpar eg

at hytta som brann ned i Olderbotn i fjor haust, kan byggast oppatt innan det store jubileet til neste år. Då er det hundre år sidan Valen sjukehus sette opp si eiga dagsturhytte, forklarar styremedlem Hildegunn Eiane Aarthun.


-

ree

Det er ikkje mange i Kvinnherad som har vore med i fleire styrer og utval enn Gunnar Våge. Sjølv er han frå Varaldsøy, men tok etter kvart ferja over fjorden for godt, og slo seg ned nærare jobben i Kvinnherad Sparebank.


– For min del starta lags-engasjementet i fotballgruppa til Rosendal Turnlag. Eg og fleire andre frå Varaldsøy pendla allereie på 1960-talet til trening og kamp for klubben sitt A-lag, forklarar den spreke 73-åringen. Alltid like blid, og veldig ofte med ein venlegsinna og småhumoristisk kommentar på lur.


– Eg har hatt mange gode opplevingar både i politikken og i lagslivet, men å få vere med i styret til Sparebank 1-stiftinga er toppen av kransekaka. Det er rett og slett ein «gull-jobb», smiler ein som lurer på korleis det hadde sett ut i frivillig sektor, utan dei godt og vel 150 millionane som til no er delt ut. Og det berre frå Sparebank 1-stiftinga.

– Kanskje er det ein annan type dugnad me ser i dag. Men at viljen til personleg innsats forsvinn i havet av milde pengegåver, det har eg ikkje tru på. Snarare tvert om. Pengane me deler ut genererer stadig fleire prosjekt, og endå meir dugnad. Det er rett og slett eit eventyr, slår Gunnar fast.


Tidlegare visste dei som møtte fram på gåveutdelingane kor mykje pengar søknaden hadde resultert i.


– Det vart det for litt sidan slutt på. No veit dei berre at dei skal få ei pengegåve. Ikkje kor stor ho er. Utan tvil eit lurt grep, som skapar endå meir spenning og god stemning på desse gåvedryss-kveldane, meiner Gunnar Våge. Glad det framleis er litt tid att til han rundar 12-årsgrensa, og må ut av det gode selskapet.






Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / bente@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40 / 924 44 714

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789

bottom of page