top of page

Siste nyhende


ree

Magnhild Haugland er ein av veteranane i Sparebank 1-stiftinga, der ho no er nestleiar i styret. I kvardagen arbeidar 46-åringen frå Uskedalen som marknadsrådgjevar og analytikar for straumselskapet Wattn.


– Ein kjekk og spennande jobb. Men det er jammen også vervet i stiftinga. Det er utruleg flott å få innsikt i alt det som skjer av frivillig arbeid i Kvinnherad. Og samstundes vere med å bidra til å sikre god kvalitet på alle dei flotte aktivitetane. Det er verkeleg ei takknemleg oppgåve, smiler 46-åringen frå Uskedalen.


Ho var ikkje gamle jenta då ho byrja å spela i korps. Og etter at ungdomsskulen var unnagjort, var vegen kort til den velrenommerte musikklina på Stord vidaregåande. Sidan venta eitt år på Manger folkehøgskule, i brass-metropolen Nordhordland.

– Draumen var å kunne leve av spelinga. Men det skjøna eg jo etter kvart at var tilnærma umogeleg. Eg fekk meg like fullt ein hobby for livet. Mykje av det eg lærte i musikken har vore nyttig både i arbeidsliv og i styresamanheng. Det å spela på lag og gjera kvarandre gode er aldri feil, smiler korpsentusiasten.


Når ho snakkar med folk utanfor kommunen, er det mange som er misunnelege på den store pengebingen som stiftinga administrerer.

– Me har kanskje vorte litt bortskjemde med åra. Godt då å bli minna om kor heldige me er, seier Haugland.


– Er det søknadar som er ekstra kjekke å innvilge?

– Det er kjekt med alle søknadane me får inn. Men eg må innrømme at eg er litt svak for nokre av dei som kjem frå dei minste laga. Dei ber om så lite, og så gjer dei så mykje. Gjerne for dei som står litt utanfor. At eldre hjelper dei yngre tykkjer eg også er heilt strålande.




ree

Dei som var til stades på den siste gåveutdelinga, i starten av mai, fekk oppleve styreleiar Jan Magnus Aasen i duett med Gunn Gravdal Elton. Sistnemnde som lukkeleg mottakar av pengestønad til dei såkalla «Odda-konsertane». Fint vart det. Etter eit langt liv som bassist og vokalist i diverse band-konstellasjonar på nordsida av kommunen vår, visste Aasen at dei gamle kunstane enno ikkje har gått i gløymeboka.


– Musikk har alltid vore viktig for meg. Eg var med å starte band allereie på ungdomsskulen. Har spelt mykje til dans, og har framleis glede av å klimpra litt på både gitar og orgel, røper mannen som til dagleg er produksjonssjef på travle Ølve Industrier. Og som tok over stafettpinnen som styreleiar i Sparebank 1-stiftinga for eit godt år sidan. Etter at Svein Arne Eidsvik hadde hatt «jobben» i heilt sidan 2010.


– Eg er svært takksam for å ha fått dette vervet, og kjenner på eit stort ansvar. Noko som eg definitivt deler med kompetente styrekollegar, og ein dagleg leiar som legg det aller meste til rette for oss. Me har også veldig gode retningsliner for å ta gode avgjerder, slår Jan Magnus fast.


Han er like fullt levande oppteken av at stiftinga skal femne endå breiare enn ho gjer i dag.

– Med så mange søknadar som me får inn kvart halvår, er det lett for å tru at alle kjenner til oss. Men eg er ganske så sikker på at det framleis er organisasjonar og lag som tenkjer at her er det ikkje noko å henta for dei. Men det kan det så absolutt vere, oppmuntrar styreleiaren i stiftinga.


Han veit samstundes at stiftinga ikkje klarer å gjere alle til lags.

– Me pleier ikkje å grunngje avslaga våre. Og sjølv om søknadane er aldri så gode, kan det vere at dei ikkje når fram i første forsøk. Då gjeld det berre å prøve på ny, seier Jan Magnus Aasen.


ree

Kommunen vår er full av folk som yt frivillig innsats. Kveldar som helger. Alt for å gjera Kvinnherad til ein endå betre stad å bu. To gonger i året deler Sparebank1-Stiftinga Kvinnherad ut rause bidrag til lag og organisasjonar. Som takk for innsatsen, og til inspirasjon i arbeidet med nye prosjekt.


– Vi er heldige som får vera tett på både søknadar og blide gåvemottakarar smiler styremedlemmer og dagleg leiar i stiftinga. Samstundes veit dei at det er fleire som trur at dei ikkje kan få tildelt gåver, og let vere å søkje.

– Vi deler gjerne med endå fleire, forsikrar gjengen på biletet.


Dei neste dagane kan du bli litt betre kjent med Gunnar, Torill, Bente, Hildegunn, Jan Magnus og Magnhild.


Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / bente@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40 / 924 44 714

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789

bottom of page