top of page

Siste nyhende


ree

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad heldt ordinær generalforsamling på Rosendal Fjordhotell måndag kveld. Svein Arne Eidsvik frå Uskedalen takka då for seg som styreleiar etter 12 år. Jan Magnus Aasen (54) frå Ølve vart valt til ny leiar i styret. Han er til dagleg produksjonssjef i Ølve Industrier og har vore med i stiftinga sidan 2018, siste året som nestleiar i styret.

Magnhild Haugland frå Uskedalen vart valt til ny nestleiar i styret, medan Hildegunn Eiane Årthun frå Valen vart valt til nytt styremedlem. Gunnar Våge frå Løfallstrand vart attvalt i styret og Torgny Nundal frå Husnes som leiar i generalforsamlinga.

Generalforsamlinga godkjende samtidig rekneskapen for 2021, som viste eit resultat på godt og vel 52 millionar kroner. Stiftinga får årleg utbyte på aksjane sine i SpareBank 1 SR-bank, som dannar grunnlaget for gåvene som kjem lokalsamfunnet til gode. For året som gjekk er det bokført 53,5 millionar i slikt utbyte, og generalforsamlinga sette av kr 10 millionar til utdeling i haust og tilsvarande beløp neste vår.


Foto & tekst: Kristian Hus


Vi hadde ein flott kveld ilag med gjester frå nord til sør i Kvinnherad.

Takk til alle som bidrog til at kvelden blei fullkommen.

Gratulera til alle gåvemottakarar og lukka til med gode prosjekt.

SpareBank 1 Stiftinga skal vera med å løfta frivilleg engasjement og innsats isaman med dei frivillege organisasjonane.



ree







ree





ree




ree

ree






Oppdatert: 20. feb. 2023

Totalt er det pr haust 2022 tildelt kr 148 000 000 til 1362 prosjekt.

Våren 2023 har Stiftinga ei gåveramme på kr 10 000 000 Det er overskuddet frå SpareBank 1 SR bank som gir grunnlaget for utdelingane.

Søknadsfristen våren 2023 er 7. mars





Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / bente@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40 / 924 44 714

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789

bottom of page