top of page

Siste nyhende

ree



Vi i stiftinga er klare, og søknadsportalen er open! Det har allereie kome inn over 50 søknader i 2024.


Søknader opptil kr 30 000 blir vurderte etterkvart som dei blir mottekne. Søknader over kr 30 000 blir vurderte til dei ordinære gåvetildelingane vår og haust.

Søknadsportalen vil bli stengd 5. mars og opnar igjen 23. april.


Har di organisasjon eit prosjekt som treng midlar til gjennomføring? Bruk god tid på søknaden og start tidleg med planlegging.

Legg ein god plan, lag eit budsjett og hent inn prisar på prosjektet.

Send ei beskriving og send inn søknad innan 5. mars.

Har de spørsmål, ta kontakt, og vi hjelper så langt vi kan.

Her er link https://www.kvinnheradstiftinga.no/soknadsskjema til søknadsskjema

og her er link https://www.kvinnheradstiftinga.no/retningsline-gave til retningslinene våre for gåvetildeling . Lukka til.






I denne omgangen er det 11 heldige som har fått gåver frå Stiftinga


ree

Stiftinga har no vurdert søknader (opptil kr 30 000) som var motteke pr. 03.01.2024 Dette er fyrste gang vi tildeler gåver utanom dei ordinære søknadsrundane vår og haust. Vi vurderte i denne omgang 23 søknader og tildelte 11 gåver. Her er liste på dei som har fått tildelt gåver. Stiftinga gratulerar.


ree


Vi oppmodar andre organisasjonar som har behov for midlar til prosjekta deira om å nytta seg av moglegheita til å søkja om gåve opptil kr 30 000


ree

























Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / bente@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40 / 924 44 714

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789

bottom of page