top of page

Siste nyhende

Hipp hurra, no er vi igang.

Har organisasjonen din behov for ei gåve for realisering av eit prosjekt kan dei no søkja SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad om gåve.

Søknader under kr 30 000 vil bli vurdert fortløpande med ei svartid på ca 6 veker.

Alle andre søknader blir vurderte til dei tradisjonelle utdelingane vår/haust , men kan allereie no søkja.

Retningliner for kven som kan søkja ligg på nettstaden vår.

Her finn de søknadsskjema


ree


ree

Nytt frå og med mandag 20. november: Vi tar vi imot nye søknader. Alle søknader under kr 30 000 blir behandla fortløpande med svar innan 6 veker frå søknad er motteke av Stiftinga.


Stiftinga gjennomførte gåveutdeling mandag 13. november.

Her var det bare fornøgde gjester. 155 gjester totalt fylte Festsalen i Kulturhuset Husnes.

Vi tildelte 80 gåver på totalt kr 7 373 000.


Gåvene varierte frå kr 7 000 til kr 600 000

Denne søknadsrunden var det 170 søknader på totalt kr 25 000 000

Alle var lika glade uavhengig av sum dei fekk tildelt. Kvar og ein fekk gåver til prosjekt som no kan gjennomførast til glede for mange.

Det var stor variasjon i omsøkte prosjekt og det igjen gir eit stort mangfald.

Resultatet blir mange aktivitetar ein kan velja mellom.

Vi visar her eit knippe bilder frå festen, fotograf alle bilder er John Asle Eivind Hansen

Bildene talar for seg sjølv. Det var god stemning, god mat og fantastisk underholdning ved Rosendal Musikklag.

Vi skal visa alle gåvemottakarane på FB sida vår iløpet av dei neste dagane.

Her er bilder frå festen med ein Festsal full av glade og fornøgde gjester.

ree

Her er det siste finpuss for Rosendal Musikklag som framførte ein minikonsert. Fantastisk!

ree

Styreleiar Jan Magnus tar det siste overblikket

ree

Kulturhuset hadde pynta til fest.


ree

Er det fest så er det fest.

ree

Torill og Magnhild er klar for å ynskja gjestene velkomne. Gunnar sjekkar at alt går rett føre seg.

ree

No er det rett før klokka rundar 18.00

ree

Gjestene kjem inn dørane i hopetal , det er stas.

ree

Ordførar Vegard Bjørnevik og varaordførar Thea Vaage fekk oppleva gåveutdeling for fyrste gang

ree

Drøsen går lett

ree

Bare store smil

ree

Kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen med 2 døtrer, dei var og for fyrste gang på utdeling.


ree

Festsalen var pynta til fest for feststemte gjester.



ree

Turstiar Sunde ved Bjørn Heimvik fortalde om dugnadsarbeidet dei utførte.

ree

Hardanger Spillfestival frå Odda med gåvebrev trygt i handa

ree

Fjelberg Bygdalag skal gjenreisa ei gammal vaktbu på Borgundnuten for gåva dei mottok.

ree

Oddakonsertane ved Gunn Elton syner stolt fram gåva. Dei ivaretar lokalhistorien.

ree

Pause med god mat som var levert av Kulturhuset Husnes

ree

Kent Are Petterson i drøs med ordførar Vegard Bjørnevik

ree

Ein god kaffitår må til.

ree

Eldsjeler frå Uskedale Idrettslag og Uskedal Friluftslag

ree

Litt kø til mat, men det gjekk heilt strålande. Den som ventar på noko godt.....

ree

Velsmakande mat på alle fat

ree

Hildegunn delte ut på fine plakettar

ree

Ingenting slår ein twist til kaffien.

ree

Her skal det bli nytt kjøkken hos Ternen IL

ree

Her møtes folk på tvers av heile Kvinnherad

ree

Applausen sat laust

ree

Bare store smil i Festsalen denne kvelden


ree

Alle i Stiftinga ynskjer å takka kvar gjest som kom og gjorde festen til ein triveleg kveld for alle. Vi ynskjer alle lukka til med flotte prosjekt.

Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / bente@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40 / 924 44 714

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789

bottom of page